Dei digitale løysingane frå Eide forlag er laga i tett samarbeid med Kyrkjerådet.


Gudstenestebiblioteket til Den norske kyrkja har desse modulane:
   - Liturgisk musikk for kyrkjelyd, liturg og medliturg.
   - Filene ligg i to format, eitt tilpassa storskjerm og eitt tilpassa utskrift.
   - Alle dei liturgiske ledda (2020) er spelte inn på video. Den norske kyrkja.


Tekstbok for Den norske kyrkja
  - Alle tekstane for kyrkjeåret er henta frå Bibelselskapets omsetjing Bibel 2011,
    med dei tilpassingane som er gjorde av Kyrkjerådet når det gjeld tekstlesing i gudstenesta.


Salmedatabasen for Den norske kyrkja
    - Inneheld alle salmane frå Norsk salmebok 2013.
    - Filene er lagde til rette for storskjermvising og papirutskrift.

Salmedatabasen for Den norske kyrkja / Nye salmar
    - Nye salmar i tillegg til dei som står i Norsk salmebok 2013, blir lagde kontinuerleg inn.
    - Salmediktarar, komponistar og andre blir inviterte til å sende inn salmar.
       Desse blir vurderte av Kyrkjerådet som vedtek kva for salmar som skal leggjast inn i databasen.
       * Oppdatert liste over nye salmar: Pulje 1, Pulje 2.
Fleire av dei nye salmane er spelt inn i Ilen kirke, Trondheim ("Salmer i livet"): https://www.youtube.com/playlist?list=PLdjbDBf2h_IMqI8TkoIqRZR1HO9Qwc3zP
               
Koralbokdatabasen til Den norske kyrkja
    - Notar med sats til alle salmar i Norsk salmebok 2013.
    - I databasen ligg også dei bibelske salmane og liturgiske songane (nr. 900–991).

Digital besifringssalmebok
    - Notar med besifring til alle salmar i Norsk salmebok 2013.

Hymns in English
    - 95 gamle og nye salmar frå Norsk salmebok 2013 med engelsk tekst,
       både originaltekstar på engelsk og norske salmar omsette til engelsk.
     - Alle salmane med notar og besifring.

Eides salmedatabase (tilleggsmodul)
    - Dette er ein ekstra modul frå Eide forlag.
    - Modulen inneheld salmar og songar som ikkje står i Norsk salmebok 2013.


Sjå meir info om produkta på menylinja ovanfor, MODULAR.

For tinging av trykt utgåve av bøkene til Den norske kyrkja, klikk HER.
 

Nyheiter og oppdateringar

23.02.2021
Oppdatering av gudsteneste.no
Kyrkjemøtet for Den norske kyrkja vedtok i 2019 justeringar av Ordning for hovudgudstenesta (2011). Justeringa gjeld både ein del av dei liturgiske tekstane og den liturgiske musikken som vart vedtekne på Kyrkjemøtet i 2017.
Gudsteneste.no er no oppdatert med all den nye liturgiske musikken (2020). Den liturgiske musikken frå 2011 ligg inne i ein eigen modul. Gudstenesteplanleggjaren og innhaldet der frå tidlegare versjon av gudsteneste.no er no tekne bort. Når det gjeld struktur og innhald i gudstenesta, viser vi til nettsida til Den norske kyrkja: www.kirken.no/liturgi.


23.02.2021
For privatkunder
Eide forlag tilbyr no digitale utgåver av alle modular i gudstenestebiblioteket til Den norske kyrkja (gudsteneste.no) også for privatkundar. Sjå nærmare informasjon på menylinja: Abonnementsvilkår og Prisar/Bestilling.


23.02.2021
Norsk salmebok app
Norsk salmebok appLast ned appen i dag og få direkte tilgang til alle salmane i Norsk salmebok med tekst, notar og innspelingar. Gode søkjemoglegheiter på titlar, salmenummer, formuleringar og ord i salmetekstar.
Appen kan nyttast på alle berbare medium som telefonar og nettbrett. Han fungerer like godt på iPhone som Android.
Tilgjengeleg der du kjøper appar (søk på “norsk salmebok”).
Kr 22,– (inkl. mva.) per månad.
Abonnement gjeld til det blir sagt opp. Sjå introduksjonsvideo her.